Vg1 handverk, design og produktutvikling (DTH01‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter produktutvikling og skapande prosessar
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje og dokumentere ein design- og utviklingsprosess åleine og i samarbeid med andre innanfor gitt tidsrammer
- lage og arbeide vidare på skisser og arbeidsteikningar manuelt og digitale ressursar
- undersøkje og bruke design, kulturuttrykk, stilhistorie og lokale tradisjonar innanfor tradisjonshandverk som inspirasjon til eiga produktutvikling
- bruke fagterminologi og visuelle verkemiddel i samhandling med andre og for å dokumentere eige arbeid
- utforske og bruke fargar og symbol i utvikling av produkt i harde, mjuke og plastiske materiale
- bruke prinsipp for komposisjon og to- og tredimensjonal form
- anvende tradisjonelle målemetodar og tilpasse mønster og malar
- utvikle nye handverksprodukt og vurdere haldbarheit, funksjon og estetisk uttrykk
- presentere idear og produkt for kundar og andre og formidle historia og eigenarten til produkta
- utforske og formidle korleis etterspurnad, kultur, tradisjon, trendar og berekraft har betydning for handverksfaga lokalt og regionalt
- berekne kostnader og pris på materiale og produkt
- utforske dilemma som oppstår i spennet mellom tradisjon og nyskaping
- formidle ulik bruk av fargar, symbol og materiale i handverksprodukt
- undersøkje korleis handverkstradisjonar har blitt brukt til politiske og ideologiske ytringar i ulike kulturar, og presentere eige arbeid som uttrykkjer eigne kjensler og meiningar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i produktutvikling og skapande prosessar når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i produktutvikling og skapande prosessar. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i produktutvikling og skapande prosessar ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i produktutvikling og skapande prosessar basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.