Vg1 handverk, design og produktutvikling (DTH01‑01)
Kjerneelement
Handverk og materiale
Kjerneelementet handverk og materiale handlar om å bruke handverksteknikkar i ulike materiale. Det inneber å lage produkt på ein verkstad, for hand og ved hjelp av maskiner, verktøy og utstyr, i harde, mjuke eller plastiske materiale. Vidare handlar det om å velje og behandle relevante materiale etter kva for eit produkt ein skal lage, og innanfor gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit.
Form, funksjon og produktutvikling
Kjerneelementet form, funksjon og produktutvikling handlar om dei stegvise prosessane i utforming av handverksprodukt frå idé til ferdig produkt. Det inneber praktisk utprøving gjennom både verkelegheitsnære oppdrag, eksperimentering i materiale og ei forståing av samanhengen mellom tradisjon, design, form, funksjon, materiale, verktøy og maskiner.
Kulturarv og nyskaping
Kjerneelementet kulturarv og nyskaping handlar om forståing av eigen og andres kultur, stil og handverkstradisjonar. Vidare dreier det seg om korleis kulturarv kan inspirere til nyskaping og vidareførast i eige handverk. Kjerneelementet handlar òg om å reflektere kritisk over dilemma som oppstår i spennet mellom tradisjon og nyskaping, og bruk av inspirasjonskjelder og kulturarv.