Vg1 handverk, design og produktutvikling (DTH01‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg1 handverk, design og produktutvikling handlar folkehelse og livsmeistring om å utvikle kunnskapar og ferdigheiter for å løyse faglege problem gjennom praktisk, skapande arbeid. Vidare handlar det om å utvikle identitet gjennom meistrings- og skaparglede og som ein del av eit praksisfellesskap i handverksfaga.
Demokrati og medborgarskap
I vg1 handverk, design og produktutvikling handlar demokrati og medborgarskap om den aktive handverksutøvaren i eit arbeidslivsperspektiv. Vidare handlar det om å sjå samanheng mellom demokratiske prosessar i ulike kulturar og korleis dette kjem til uttrykk i handverkstradisjonar. Det betyr å reflektere kritisk over kulturarv, tradisjon og design og å gi uttrykk for eigne opplevingar, tankar og meiningar i eit fleirkulturelt samfunn.
Berekraftig utvikling
I vg1 handverk, design og produktutvikling handlar berekraftig utvikling om kritisk refleksjon rundt produksjonsmetodar, arbeid med og val av material, verktøy og maskiner i utvikling av handverksprodukt. Vidare handlar det om praktisk problemløysing, nyutvikling og entreprenørskap der ein gjennom ei lokal tilpassing og ressursforvaltning rettar merksemda mot gjenbruk, haldbar kvalitet, etisk produksjon, naturarv og kortreiste produkt.