Vg1 handverk, design og produktutvikling (DTH01‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg1 handverk, design og produktutvikling vil seie å kunne bruke fagspråket, formidle eigne meiningar, vurderingar og refleksjonar og delta i faglege diskusjonar. Vidare inneber det å kunne forklare og vise kundar og oppdragsgivarar eigne prosessar eller eige arbeid.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg1 handverk, design og produktutvikling inneber å kunne planleggje, vurdere, reflektere over og dokumentere arbeidsprosessar gjennom tekst, bilete, illustrasjonar og arbeidsteikningar. Det betyr òg å kunne bruke fagspråk og fagterminologi.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg1 handverk, design og produktutvikling inneber å forstå og bruke faglitteratur, instruksar, bilete, illustrasjonar og arbeidsteikningar i arbeid med handverksprodukt. Vidare betyr det å kunne forstå og lese mønster og malar og reflektere kritisk over visuelle verkemiddel og kulturelle referansar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg1 handverk, design og produktutvikling inneber å kunne gjere berekningar i handverksprosessar og idéutvikling, det vil seie å bruke matematiske framgangsmåtar ved konstruksjon av former, volum, vinklar og storleikar. Vidare handlar det om å kunne berekne materialkostnader og pris på produkt.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg1 handverk, design og produktutvikling inneber å kunne bruke digitale ressursar formålstenleg og forsvarleg. Det inneber å vere kreativ og skapande med digitale ressursar for å løyse praktiske og handverksfaglege oppgåver. Det handlar òg om å kunne samhandle med andre, vurdere informasjon frå digitale kjelder kritisk, bruke nettvett og utvikle digital dømmekraft i prosessen med å framstille handverksprodukt.