Vg1 handverk, design og produktutvikling (DTH01‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Produktutvikling og skapande prosessar: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Materiale og teknikkar: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Produktutvikling og skapande prosessar: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Materiale og teknikkar: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Eksamen for privatistar
Produktutvikling og skapande prosessar: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Materiale og teknikkar: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Produktutvikling og skapande prosessar og materiale og teknikkar: Privatisten skal opp til éin tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.