Vg1 handverk, design og produktutvikling (DTH01‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg1 handverk, design og produktutvikling handlar om å framstille handverksprodukt som tek vare på og utviklar handverkstradisjonar i Noreg og Sápmi. Gjennom idéutvikling og praktisk arbeid, bruk av materiale, verktøy og handverksteknikkar utviklar elevane handlag og forståing av skapande arbeidsprosessar og eigenarten til faga. Programfaga skal førebu yrkesutøvarar som kan dekkje behovet for handverksprodukt til eit breitt spekter av kundar, private og offentlege bestillarar og kreative næringar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg1 handverk, design og produktutvikling skal bidra til å utdanne framtidas handverksutøvarar. Med nysgjerrigheit, kreativitet og skaparglede oppnår elevane meistring som bidreg til at dei utviklar identitet og sjølvtillit. Vidare skal programfaga bidra til innovasjon i utvikling og framstilling av tradisjonelle og nye handverksprodukt. Erfaring med handverkstradisjonar og immateriell kultur gir grunnlag for å forvalte og vidareutvikle kulturarv og ta vare på omgivnadene. Vg1 handverk, design og produktutvikling skal bidra til å gi kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.