Naturfag (NAT01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg3 påbygging til generell studiekompetanse
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda
- vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen
- beskrive big bang-teorien om korleis universet har oppstått og utvikla seg, og gjere greie for observasjonar som støttar denne teorien
- utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserande stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffektar av ulike strålingstypar
- utforske og beskrive nokre sentrale bølgjefenomen
- forklare hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon og gi døme på kva slik teknologi blir brukt til
- beskrive DNA og korleis eigenskapar blir arva, og gjere greie for korleis arv er ein føresetnad for evolusjon
- gjere greie for korleis klimaendringar påverkar evolusjon, utbreiing av artar og biologisk mangfald
- gi døme på bruk av bioteknologi og drøfte etiske spørsmål knytte til bioteknologi
- gjere greie for korleis nokre miljøgifter kan akkumulerast i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i naturfag på vg3 påbygging til generell studiekompetanse når dei bruker fagspråk, teoriar og modellar til å utforske, beskrive, forklare og drøfte samanhengar i og mellom naturfaglege fenomen. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei argumenterer for metodeval, gjer etiske og sikkerheitsmessige vurderingar, reflekterer over funn og kritisk vurderer kjelder og informasjon knytte til eigne utforskingar og forsøk. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei anvender og reflekterer over naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar og naturvitskapleg teknologi.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å leggje til rette for varierte, praktiske og utforskande arbeidsmåtar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i naturfag. Elevane skal få moglegheit til å utforske og prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i naturfag.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i naturfag ved avslutninga av opplæringa etter vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i naturfag basert på kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert kunnskap om og forståing av innhaldet i faget og har sett samanhengar. Karakteren skal òg vere basert på kompetansen eleven har vist når eleven har arbeidd praktisk og utforskande med faget.