Naturfag (NAT01‑04)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i naturfag er å kunne delta i fagsamtalar og dele og utvikle kunnskap med naturfagleg innhald basert på observasjonar, erfaringar og fagleg informasjon. Munnlege ferdigheiter i naturfag inneber òg å bruke naturfaglege omgrep for å beskrive, vise forståing, formidle kunnskap, utvikle spørsmål, argumentere, forklare, reflektere og grunngi eigne haldningar og val. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i naturfag går frå å kunne lytte og samtale om opplevingar og observasjonar til å kunne presentere og diskutere stadig meir komplekse samanhengar i faget og å kunne nytte eit stadig meir presist naturfagleg språk.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i naturfag er å formulere spørsmål og hypotesar og skrive naturfaglege forklaringar baserte på evidens og kjelder. Det inneber òg å beskrive observasjonar og erfaringar og å formulere og argumentere for synspunkt. Utviklinga av skriveferdigheiter i naturfag går frå å bruke teikningar og tekst til gradvis å ta i bruk meir presist naturfagleg språk, inkludert figurar og symbol. Dette inneber å kunne skrive stadig meir komplekse tekstar og nytte ulike teksttypar som byggjer på kritisk og variert kjeldebruk tilpassa formål og mottakar.
Å kunne lese
Å kunne lese i naturfag er å kunne forstå naturfaglege omgrep, symbol, figurar og argument gjennom arbeid med naturfaglege tekstar. Lesing i naturfag inneber òg å utforske, identifisere, tolke og bruke informasjon frå ulike teksttypar og vurdere kritisk korleis naturvitskapleg informasjon blir framstilt og brukt i argument. Utviklinga av å lese i naturfag går frå å finne og bruke informasjon i tekstar til å forstå tekstar med stadig fleire fagomgrep, symbol, figurar, tabellar og implisitt informasjon.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i naturfag er å kunne hente inn, arbeide vidare med og framstille relevant talmateriale. Rekning i naturfag inneber å bruke omgrep og velje passande måleinstrument, måleeiningar og formlar for å løyse naturfaglege problemstillingar. Rekning i naturfag er òg å kunne samanlikne, vurdere og argumentere for om berekningar, resultat og framstillingar er gyldige eller ikkje. Utviklinga av å rekne i naturfag går frå å bruke enkle metodar for å telje opp, sortere og klassifisere til å kunne vurdere val av metodar, omgrep, formlar og måleinstrument. Elevane utviklar òg rekneferdigheiter ved å lage meir avanserte framstillingar og ved å bruke rekning i fagleg argumentasjon.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i naturfag er å kunne bruke digitale verktøy til å utforske, registrere, berekne, visualisere, programmere, modellere, dokumentere og publisere data frå forsøk, feltarbeid og andre sine studiar. Digitale ferdigheiter er òg å bruke søkjeverktøy, beherske søkjestrategiar, kritisk vurdere kjelder og velje ut relevant informasjon om naturfaglege emne. Utviklinga av digitale ferdigheiter i naturfag går frå å kunne bruke enkle digitale verktøy til i aukande grad å vise sjølvstende og dømmekraft i val og bruk av digitale verktøy og kjelder.