Naturfag (NAT01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg1 handverk, design og produktutvikling
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar
- risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
- utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv
- drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er
- gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv
- undersøkje og vurdere livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv
- undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i naturfag på vg1 handverk, design og produktutvikling når dei bruker fagspråk, teoriar og modellar til å utforske, beskrive, forklare og drøfte samanhengar i og mellom naturfaglege fenomen. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei argumenterer for metodeval, gjer etiske og sikkerheitsmessige vurderingar, reflekterer over funn og kritisk vurderer kjelder og informasjon knytt til eigne utforskingar og forsøk. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei anvender og reflekterer over naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar og naturvitskapleg teknologi.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å leggje til rette for varierte, praktiske og utforskande arbeidsmåtar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i naturfag. Elevane skal få moglegheit til å utforske og prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i naturfag.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i naturfag ved avslutninga av opplæringa etter vg1 handverk, design og produktutvikling. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i naturfag basert på kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert kunnskap om og forståing av innhaldet i faget og har sett samanhengar. Karakteren skal òg vere basert på kompetansen eleven har vist når eleven har arbeidd praktisk og utforskande med faget.