Naturfag (NAT01‑04)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Naturfag er eit sentralt fag for å beskrive og forstå korleis den fysiske verda vår er bygd opp. Faget skal bidra til at elevane får naturopplevingar og eit fagleg grunnlag for å verne om naturressursar, bevare biologisk mangfald og bidra til ei berekraftig utvikling. Naturfag skal òg bidra til at elevane utviklar kompetanse til å ta vare på eigen og andre si helse. Når elevane tek i bruk naturfagleg språk og naturfaglege metodar, praksisar og tenkjemåtar i arbeid med faglege emne, vil dei få grunnlag for å forstå korleis naturfagleg kunnskap blir brukt og utvikla. Kunnskap om samspelet mellom natur, individ, teknologi og samfunn kan fremje evna elevane har til kritisk tenking og bidra til at dei tek medvitne val i kvardagen. Naturfag skal førebu elevane på eit arbeids- og samfunnsliv som vil stille krav til ei utforskande tilnærming og teknologisk kompetanse.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Naturfag skal bidra til undring, nysgjerrigheit, skaparglede, engasjement og nytenking hos elevane ved at dei får arbeide praktisk og utforskande med faget. Elevane skal få innsikt i korleis levesettet og handlingane til menneska påverkar livet på jorda. Naturen har ein eigenverdi som er uavhengig av menneskeleg bruk og påverknad, og naturfagleg kunnskap kan bidra til at han blir forvalta på ein forsvarleg måte. Naturen er òg ein viktig del av samisk kultur og identitet. Kunnskap om den erfaringsbaserte og tradisjonelle kunnskapen samane har om naturen, kan derfor bidra til berekraftig ressursutnytting og vern av naturmangfaldet.