Naturfag (NAT01‑04)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I naturfag handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å gi elevane kompetanse til å forstå sin eigen kropp og ta vare på sin eigen fysiske og psykiske helse. Elevane skal kunne forhalde seg kritiske til og bruke helserelatert informasjon til å ta gode og ansvarlege val knytte til helse, sikkerheit og miljø i både kvardags- og arbeidsliv.
Demokrati og medborgarskap
I naturfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane skal få grunnlag for å skilje mellom vitskapleg basert kunnskap og kunnskap som ikkje er basert på vitskap. Naturfag skal samstundes bidra til openheit for den erfaringsbaserte og tradisjonelle kunnskapen som samar har om naturen. Kompetanse i naturfag gir grunnlag for å forstå og vere kritisk til argumentasjonen i samfunnsdebatten, og er viktig for at elevane skal kunne vere aktive medborgarar og bidra til ei teknologisk og berekraftig utvikling.
Berekraftig utvikling
I naturfag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at elevane skal få kompetanse til å gjere miljømedvitne val og handlingar, og sjå desse i samanheng med lokale og globale miljø- og klimautfordringar. Kunnskap om samanhengar i naturen er nødvendig for å forstå korleis vi menneske er med på å påverke han. Naturfagleg kompetanse kan bidra til at vi finn løysingar for å avgrense klimautfordringane, bevare biologisk mangfald og forvalte naturressursane på jorda på ein berekraftig måte.