Naturfag (NAT01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 4. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- undre seg, stille spørsmål og lage hypotesar og utforske desse for å finne svar
- bruke tabellar og figurar til å organisere data, lage forklaringar baserte på data og presentere funn
- samanlikne modellar med observasjonar og samtale om kvifor vi bruker modellar i naturfag
- utforske teknologiske system som er sette saman av ulike delar, og beskrive korleis delane fungerer og verkar saman
- designe og lage eit produkt basert på ein kravspesifikasjon
- utforske og beskrive korleis nokre stoff kan endre seg når dei blir blanda med andre stoff
- utforske storleikar som lar seg observere, som fart og temperatur, og knyte dei til energi
- samtale om kva energi er, og utforske ulike energikjeder
- utforske eit naturområde og drøfte berekraftig bruk av området
- utforske og samanlikne korleis ulike dyre- og planteartar har tilpassa seg miljø og levestader, og drøfte kvifor nokre artar døyr ut
- delta i hausting og bruk av naturressursar og drøfte korleis naturressursar kan bli brukte på ein berekraftig måte
- gi døme på god dyrevelferd og reflektere over korleis ein kan vareta behova til dyr
- utforske og beskrive kretsløpet til vatnet og gjere greie for kvifor vatn er viktig for livet på jorda
- samtale om kva fysisk og psykisk helse er og drøfte korleis livsstil og trivnad påverkar helse
- samtale om likskapar og ulikskapar mellom kjønna, om kjønnsidentitet og om korleis mennesket reproduserer seg
- beskrive korleis musklar og skjelett fungerer, og knyte dette til bevegelse
- beskrive funksjonar i det ytre forsvaret til kroppen og samtale om korleis dette vernar mot sjukdom
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i naturfag på 3. og 4. trinn når dei bruker naturfaglege omgrep for å beskrive og forklare observasjonar og naturfaglege fenomen. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei organiserer, samanliknar og lager eigne naturfaglege spørsmål og hypotesar, og når dei utforskar desse gjennom leik, praktisk arbeid og andre metodar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei reflekterer over funn og observasjonar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å leggje til rette for varierte, praktiske og utforskande arbeidsmåtar i naturen og på andre læringsarenaer. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i naturfag. Elevane skal få moglegheit til å utforske og prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i naturfag.