Naturfag (NAT01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 10. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere avhengige og uavhengige variablar og samle data for å finne svar
- analysere og bruke innsamla data til å lage forklaringar, drøfte forklaringane i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine utforskingar
- bruke og lage modellar for å føreseie eller beskrive naturfaglege prosessar og system og gjere greie for kva styrkar og avgrensingar modellane har
- delta i risikovurderingar knytte til forsøk og følgje sikkerheitstiltaka
- gi døme på dagsaktuell forsking og drøfte korleis ny kunnskap blir generert gjennom samarbeid og kritisk tilnærming til eksisterande kunnskap
- utforske, forstå og lage teknologiske system som består av ein sendar og ein mottakar
- bruke programmering til å utforske naturfaglege fenomen
- utforske kjemiske reaksjonar, forklare massebevaring og gjere greie for betydningar av nokre forbrenningsreaksjonar
- bruke atommodellar og periodesystemet til å gjere greie for eigenskapar til grunnstoff og kjemiske samband
- beskrive drivhuseffekten og gjere greie for faktorar som kan vere årsak til globale klimaendringar
- gjere greie for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måtar å omdanne, transportere og lagre energi på
- drøfte korleis energiproduksjon og energibruk kan påverke miljøet lokalt og globalt
- beskrive korleis forskarar har kome fram til evolusjonsteorien og bruke denne til å forklare utvikling av biologisk mangfald
- samanlikne celler hos ulike organismar og beskrive samanhengar mellom oppbygging og funksjon
- utforske samanhengar mellom abiotiske og biotiske faktorar i eit økosystem og diskutere korleis energi og materie blir omdanna i kretsløp
- gi døme på og drøfte aktuelle dilemma knytte til utnytting av naturressursar og tap av biologisk mangfald
- gi døme på den tradisjonelle kunnskapen samane har om naturen, og diskutere korleis denne kunnskapen kan bidra til berekraftig forvalting av naturen
- gjere greie for korleis fotosyntese og celleanding gir energi til alt levande gjennom karbonkretsløpet
- bruke platetektonikkteorien til å forklare utviklinga til jorda over tid og gi døme på observasjonar som støttar teorien
- drøfte spørsmål knytte til seksuell og reproduktiv helse
- samanlikne nervesystemet og hormonsystemet og beskrive korleis rusmiddel, legemiddel, miljøgifter og doping påverkar signalsystema
- beskrive immunforsvaret til kroppen og korleis vaksinar verkar, og gjere greie for kva vaksinar betyr for folkehelsa
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse på 8., 9. og 10. trinn når dei bruker fagspråk, teoriar og modellar for å beskrive, forklare og drøfte naturfaglege fenomen. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei utforskar, argumenterer, analyserer og reflekterer over naturfaglege emne og samanhengar mellom dei, og vurderer eigne funn og resultat. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei anvender praksisane i faget, og når dei reflekterer over korleis naturvitskapleg kunnskap blir utvikla. Elevane viser òg kompetanse når dei bruker programmering og utforskar teknologi.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å leggje til rette for varierte, praktiske og utforskande arbeidsmåtar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i naturfag. Elevane skal få moglegheit til å utforske og prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i naturfag.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har vist i naturfag ved avsluttinga av opplæringa etter 10. trinn. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i naturfag basert på kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert kunnskap om og forståing av innhaldet og samanhengane i faget. Karakteren skal òg vere basert på kompetansen eleven har vist når eleven har arbeidd praktisk og utforskande med faget.