Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 10. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane
- samanlikne og tolke romanar, noveller, lyrikk og andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtid
- beskrive og reflektere over eigen bruk av lesestrategiar i lesing av skjønnlitteratur og sakprosa
- lytte til og lese tekstar på svensk og dansk og gjere greie for innhald og språklege trekk
- utforske og reflektere over korleis tekstar framstiller livssituasjonen til unge
- kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer
- bruke kjelder på ein kritisk måte, markere sitat og vise til kjelder på ein etterretteleg måte i eigne tekstar
- utforske og vurdere korleis digitale medium påverkar og endrar språk og kommunikasjon
- bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema
- informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium
- skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål
- bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar
- uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar
- lage samansette tekstar og grunngi val av uttrykksformer
- forklare den historiske bakgrunnen for bokmål og nynorsk og reflektere over statusen til dei offisielle språka i Noreg i dag
- utforske språkleg variasjon og mangfald i Noreg og reflektere over haldningar til ulike språk og talespråkvariantar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på 8., 9. og 10. trinn når dei les kortare og lengre tekstar i ulike sjangrar, utforskar kontekstane til tekstane og reflekterer over korleis konteksten påverkar teksttolkinga. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker fagspråk, argumenterer, reflekterer og eksperimenterer i munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei bruker fagspråk i arbeid med å utforske og reflektere over språkleg variasjon og i samtale om eigne og andre sine tekstar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å la elevane få bruke fantasien og oppleve at det å prøve seg fram er ein del av det å lære. Læraren skal leggje til rette for at elevane utviklar uthald i lesing av lengre tekstar og i utforskande arbeid med faglege problemstillingar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle kompetansen sin i faget.
I halvårsvurderingane på 8. og 9. trinn skal læraren gi éin karakter i norsk munnleg og éin i norsk skriftleg. Halvårsvurderinga i norsk skriftleg skal bli gitt ut frå skrivekompetansen eleven har i både hovudmål og sidemål. I halvårsvurderinga for 10. trinn skal læraren gi tre karakterar, som i standpunktvurderinga etter 10. trinn.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i norsk ved avsluttinga av opplæringa etter 10. trinn. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i norsk munnleg basert på kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert fagleg innhald munnleg. Læraren skal setje karakterar i norsk skriftleg hovudmål og norsk skriftleg sidemål basert på kompetansen eleven har vist i eit utval tekstar i ulike sjangrar og for ulike formål. I vurderinga av norsk skriftleg sidemål skal læraren ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmål enn i sidemål.