Vg2 blomsterdekoratør (BLD02‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter produktutvikling, bransjelære og kommunikasjon

  • planleggje og dokumentere eige blomsterarbeid
  • utvikle nye produkt i ulike stilformer med inspirasjon frå stilhistoria
  • analysere rom, personar, anledning og underlag og bruke funn for å grunngi val i produktutvikling
  • nytte faguttrykk i kommunikasjon og dokumentasjon og bruke ulike kommunikasjonsformer og fagleg rettleiing i sals- og servicesituasjonar
  • bruke og utvikle skisser og arbeidsteikningar med riktige mål og proporsjonar
  • nytte og utforske ulike digitale ressursar i eige arbeid med produktutvikling, i dokumentasjon og i kommunikasjon
  • presentere blomsterfaglege produkt på ein visuell og estetisk måte
  • berekne materiale til produkt etter ein fastsett pris
  • berekne utsalspris ut ifrå innkjøp, tidsbruk og lønnsemd
  • norske og vitskaplege namn på botaniske materiale og bruke desse i kommunikasjon med kundar og leverandørar
  • grunngi val av botaniske materiale med omsyn til haldbarheit, eigenskapar, bruksområde, opphav og sesong i produktutviklinga
  • utvikle og reflektere over strategiar for å møte forventningar frå kundar i ulike livssituasjonar

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering