Vg2 blomsterdekoratør (BLD02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter produksjon og arbeidsliv
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige blomsterarbeid og eigen prosess
- utvikle faglege produkt i ulike stilar og uttrykk knytte til ulike anledningar og kulturar
- nytte materiale og grunngi valet av materiale ut frå det ønskte uttrykket på eit produkt og ut frå eigenskapane og haldbarheita til materiala
- gjennomføre arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit
- bruke ulike komposisjonsprinsipp og formalestetiske verkemiddel i eige blomsterarbeid
- nytte formålstenlege handverksteknikkar med omsyn til haldbarheit, funksjon, ressursutnytting, berekraft og økonomi, og grunngi eigne val av handverksteknikkar
- gjere greie for ulike stilepokar, stilformer, trendar, motar og kulturelle utrykk og bruke denne kunnskapen som inspirasjon i blomsterarbeid
- vurdere og kvalitetssikre eige blomsterarbeid
- velje, bruke og vedlikehalde verktøy i praktisk arbeid
- utforske og eksperimentere med ulike teknikkar og botaniske materiale
- reflektere over samanhengen mellom berekraft, oppbevaring av råvarer, ressursutnytting, avfallshandtering og produksjon og import av botaniske materiale, og bruke denne kunnskapen i produksjon av blomsterfaglege produkt
- bruke eit breitt utval av botaniske materiale og behandle desse på ein forsvarleg måte med omsyn til haldbarheit og estetikk
- drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget produksjon og arbeidsliv når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer begge programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget produksjon og arbeidsliv. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget produksjon og arbeidsliv ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget produksjon og arbeidsliv basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.