Vg2 blomsterdekoratør (BLD02‑03)
Kjerneelement
Blomsterdekorering
Kjerneelementet blomsterdekorering handlar om å skape blomsterfaglege produkt gjennom analysar av personar, rom og anledning, og om å reflektere kritisk for å ta bevisste etiske og estetiske val og grunngi vala gjennom heile prosessen. Det handlar om å bruke verktøy, teknikkar og botaniske materiale på ein formålstenleg og nyskapande måte for å skape dei ønskte uttrykka på produkta. Kjerneelementet handlar vidare om å bruke komposisjonsprinsipp, farge og form til å skape funksjonelle produkt som er tilpassa motar, trendar, stilhistorie og ulike kulturar. I tillegg handlar kjerneelementet om å integrere arbeidet med helse, miljø og sikkerheit i alle delane av fagutøvinga – frå planlegging til dokumentasjon av ferdig arbeid. Det handlar òg om å drøfte regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet, og om å reflektere over eigen praksis.
Kommunikasjon og arbeidsliv
Kjerneelementet kommunikasjon og arbeidsliv handlar om å bruke ulike kommunikasjonsformer for å analysere ønska og forventningane til kundar. Vidare handlar det om å visualisere eigne idear for kunden og andre for å sikre ei felles forståing av produktet. Kjerneelementet handlar òg om økonomi, sal og marknadsføring i produksjonsprosessane. Det handlar vidare om å utvikle strategiar for å møte dei behova kundane har ut frå livssituasjon, kultur og tradisjonar. Kjerneelementet handlar i tillegg om å presentere og eksponere eit utval av materiale og produkt for å skape ei stemning og eit tema, både fysisk og digitalt.
Materialkjennskap
Kjerneelementet materialkjennskap handlar om å tileigne seg kunnskap om namn, varebehandling, opphav, sesong og haldbarheit for eit breitt utval av botaniske materiale. Det handlar vidare om å bruke tekniske hjelpemiddel i produksjonsprosessar for å oppnå eit estetisk visuelt uttrykk og eit funksjonelt produkt. Kjerneelementet handlar òg om å eksperimentere med materiale for å bli kjend med eigenskapar, haldbarheit og bruksområde, om å reflektere kritisk over kvaliteten på materiala og om å utnytte materiala godt.