Vg2 blomsterdekoratør (BLD02‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 blomsterdekoratør handlar om å lage handverksprodukt med botaniske materiale og allsidige design og uttrykk. Det handlar om å utvikle materialkjennskap og handlag, og om grunnleggjande forståing av kundekommunikasjon, estetikk, kvalitet og ressursutnytting. Ved å leggje til rette for refleksjon over fagtradisjonar og korleis trendar har endra seg over tid, bidreg programfaga til å utvikle kompetanse til å planleggje og produsere produkt og tenester i tråd med endringar i trendar og i samfunnet. Vidare handlar programfaga om å utvikle løysingsorienterte fagarbeidarar som gjennomfører oppgåver i møte med arbeidslivet og forventningane til kundane.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 blomsterdekoratør skal bidra til å utvikle identiteten som blomsterdekoratør hos den enkelte. Programfaga skal bidra til å utvikle evna til kritisk tenking gjennom arbeid med praktiske blomsterdekoratøroppgåver der vala elevane gjer, og måten dei utfører oppgåvene på, verkar inn på prosessen og resultatet. Vidare skal programfaga fremje etisk medvit gjennom å gi elevane moglegheit til å reflektere over korleis blomsterprodukt og -metodar påverkar miljø og sosiale forhold. Programfaga skal òg bidra til å utvikle skaparglede og engasjement ved at elevane erfarer korleis fagkompetansen deira er til hjelp når dei møter etiske problemstillingar i samband med kundebehandling. I tillegg skal programfaga bidra til å utvikle toleranse gjennom at elevane får møte kulturelt mangfald og menneske med ulike behov og i ulike livsfasar.