Vg2 blomsterdekoratør (BLD02‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 blomsterdekoratør inneber å uttrykkje eigne meiningar og å lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber å bruke fagspråk i drøfting og refleksjon over faglege emne, å byggje opp argumentasjon og å tilpasse munnleg tekst til mottakar og formål. Elevane utviklar munnlege ferdigheiter når dei drøftar, reflekterer og presenterer saker åleine og i fellesskap.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 blomsterdekoratør inneber å kommunisere skriftleg gjennom tekst, bilete, illustrasjonar og arbeidsteikningar med kundar og samarbeidspartnarar. Det inneber vidare å skrive leselege handskrivne og digitale ordrar, å bruke fagspråk og å uttrykkje og grunngi arbeidsbeskrivingar, idear og løysingar i ulike arbeidsoppdrag.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 blomsterdekoratør inneber å innhente, reflektere over, tolke, forstå og bruke aktuelle fagressursar. Vidare inneber det å lese og forstå brukarrettleiingar, arbeids- og sikkerheitsinstruksar, arbeidsteikningar og andre yrkesrelevante beskrivingar med teikn og symbol.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 blomsterdekoratør inneber å berekne materialmengder, økonomisk forteneste og kostnader knytte til tenester. Det inneber òg å utforme arbeidsbeskrivingar ved hjelp av mål og proporsjonar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 blomsterdekoratør inneber å bruke digitale ressursar til å innhente informasjon, til å kommunisere og til å presentere eige arbeid. Det inneber òg å vurdere, omarbeide og stille saman informasjon, å utøve kjeldekritikk og å vise til kjelder. Vidare inneber det å utvikle etisk medvit og vise digital dømmekraft ved å følgje reglar og normer.