Vg2 blomsterdekoratør (BLD02‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Produktutvikling, bransjelære og kommunikasjon: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Produksjon og arbeidsliv: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Produktutvikling, bransjelære og kommunikasjon, og produksjon og arbeidsliv: Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Produktutvikling, bransjelære og kommunikasjon: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Produksjon og arbeidsliv: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Produktutvikling, bransjelære og kommunikasjon, og produksjon og arbeidsliv: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.