Vg2 elenergi og ekom (ELE02‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 elenergi og ekom handlar om å planleggje og utføre arbeid på elektriske og elektroniske anlegg, installasjonar, utstyr og maskiner. Vidare handlar programfaga om elektronisk kommunikasjon og om korleis dette inngår i anlegg, installasjonar og utstyr. Programfaga skal bidra til at elevane utviklar kompetanse innanfor produksjon, overføring, fordeling og bruk av elektrisk energi. Faga skal også bidra til at arbeidslivet får kvalifiserte fagarbeidarar som kan byggje, drifte, halde ved like og vidareutvikle elektriske og elektroniske løysingar som samfunnet etterspør.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 elenergi og ekom skal bidra til å utvikle fagarbeidarar som samarbeider i eit likestilt og likeverdig arbeidsliv uavhengig av kjønn og kultur. Programfaga skal gjennom relevante yrkesoppgåver fremje motivasjon, yrkesidentitet og leggje grunnlaget for livslang læring. Faga skal bidra til at elevane utviklar kritisk tenking som førebur dei på å ta ansvarlege og etiske val i yrkesutøvinga med omsyn til ressursutnytting og berekraftig utvikling.