Vg2 elenergi og ekom (ELE02‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 elenergi og ekom inneber å kommunisere forståeleg i faglege diskusjonar ved å bruke eit presist og mottakartilpassa språk. Vidare inneber det å kunne delta i diskusjonar om sikkerheit og val av faglege løysingar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 elenergi og ekom inneber å uttrykkje seg skriftleg i gjennomføringa av yrkesoppgåver. Det betyr at språk, bilete og symbol skal vere fagleg korrekte, og at tekstane skal vere presise og forståelege for mottakaren.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 elenergi og ekom inneber å finne fram til relevant informasjon, tolke fagtekstar og tileigne seg kunnskap som bidreg til at arbeidet blir utført i tråd med gjeldande regelverk, tilrådingar og behov. Vidare inneber det å finne og bruke fagstoff og å vere kjeldekritisk ved informasjonssøk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 elenergi og ekom inneber å gjere matematiske berekningar ved planlegging, gjennomføring, kontroll og dokumentasjon av yrkesoppgåver. Vidare inneber det å kunne hente informasjon frå tabellar og diagram og å bruke symbol og prefiks rett i oppgåveløysing. Det handlar også om økonomiske berekningar knytte til tid, energi og materialbruk.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 elenergi og ekom inneber å konfigurere og programmere utstyr og å etablere elektronisk kommunikasjon. Vidare inneber det å bruke digitale hjelpemiddel og å kunne reflektere over personvern og datasikkerheit. Det handlar også om å bruke digitale verktøy ved planlegging, gjennomføring, kontroll og dokumentasjon av yrkesoppgåver.