Vg2 elenergi og ekom (ELE02‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Elenergi og styresystem: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Elektronisk kommunikasjon: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Elenergi og styresystem og elektronisk kommunikasjon: Elevane skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen skal ha førebuingsdel. Den tverrfaglege praktiske eksamenen skal mellom anna innehalde prøving av kompetansemål om elsikkerheit. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Elenergi og styresystem: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Elektronisk kommunikasjon: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Elenergi og styresystem og elektronisk kommunikasjon: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen. Den tverrfaglege praktiske eksamenen skal mellom anna innehalde prøving av kompetansemål om elsikkerheit. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.