Vg2 elenergi og ekom (ELE02‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 elenergi og ekom handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å meistre eigne yrkesoppgåver og utvikle stoltheit over eige arbeid. Vidare handlar det om å lære gode arbeidsteknikkar for å førebyggje helseutfordringar og om korleis lovene og avtalane i arbeidslivet varetek alle tilsette. Det handlar også om korleis bruk av elektronisk kommunikasjon og elektrisitet kan bidra til velferd i livet til menneske.
Demokrati og medborgarskap
I vg2 elenergi og ekom handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om aktiv elevmedverknad med kunnskap og forståing for å oppnå eit organisert og meir likestilt arbeidsliv, og om korleis arbeidslivet er bygd opp, inkludert trepartssamarbeidet og rollene til arbeidslivsorganisasjonane i arbeidslivet. Vidare handlar det om korleis elektronisk kommunikasjon og informasjonsspreiing både kan støtte og true demokratiske prosessar.
Berekraftig utvikling
I vg2 elenergi og ekom handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å velje produkt og tekniske løysingar ut frå etiske og ansvarlege omsyn. Vidare handlar det om val av energieffektive tiltak og alternative energikjelder og om ulike dilemma dette kan føre til. Det handlar også om korleis ulike elektriske løysingar og produkt påverkar miljøet. Å handtere avfall på ein miljøvennleg og berekraftig måte inngår òg i det tverrfaglege temaet.