Engelsk (ENG01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 4. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske ulike ordbøker og korleis dei kan brukast i språklæring
- bruke digitale ressursar til å utforske språket og samhandle med andre
- utforske og bruke det engelske alfabetet og uttalemønster i varierte leik, song- og språklæringsaktivitetar
- lytte til og forstå ord og uttrykk i tilpassa tekstar
- bruke nokre vanlege småord, høflegheitsuttrykk og enkle frasar og setningar for å få hjelp til å forstå og bli forstått
- delta i samtalar om eigne og andre sine behov, kjensler, daglegliv og interesser og bruke samtalereglar
- oppdage og leike med ord og uttrykk som er felles for engelsk og andre språk eleven kjenner til
- identifisere ordklassar i tilpassa tekstar
- følgje enkle reglar for rettskriving og setningsstruktur
- lese og forstå tekstar med lydrette ord og kjende og ukjende ordbilete
- lese og forstå betydninga av kjende og ukjende ord, frasar og setningar ut frå samanhengen i sjølvvalde tekstar
- lese og samtale om innhald i ulike typar tekstar, inkludert biletbøker
- skrive enkle tekstar som uttrykkjer tankar og meiningar
- samtale om nokre sider ved ulike levemåtar, tradisjonar og skikkar i den engelskspråklege verda og i Noreg
- tileigne seg ord, frasar og kulturell kunnskap gjennom engelskspråkleg litteratur og barnekultur
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i engelsk på 3. og 4. trinn når dei leikar, utforskar og deltek i munnleg, skriftleg og digital samhandling. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei vidareformidlar opplevingane sine av møte med det engelske språket og engelskspråkleg kultur.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å ta i bruk varierte strategiar og læringsressursar for å utvikle leseferdigheitene og dei munnlege og skriftlege ferdigheitene til elevane. Læraren skal la elevane vere aktive, leike, utforske og bruke det dei har lært, i nye situasjonar. Elevane skal få oppleve at det å prøve seg fram åleine og saman med andre er ein del av det å lære eit språk. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i engelsk. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle leseferdigheiter, skriveferdigheiter og munnlege og digitale ferdigheiter i faget.