Engelsk (ENG01‑04)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Engelsk er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling. Faget skal gi elevane eit grunnlag for å kommunisere med andre lokalt og globalt, uavhengig av kulturell og språkleg bakgrunn. Engelsk skal bidra til å utvikle den interkulturelle forståinga elevane har av ulike levemåtar, tenkesett og kommunikasjonsmønster. Faget skal førebu elevane på ei utdanning og eit samfunns- og arbeidsliv som stiller krav om engelskspråkleg kompetanse i lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Gjennom arbeidet med faget skal alle elevar bli trygge engelskbrukarar slik at dei kan bruke engelsk for å lære, kommunisere og knyte band til andre. Kunnskap om og ei utforskande tilnærming til språk, kommunikasjonsmønster, levemåtar, tenkesett og samfunnsforhold opnar for nye perspektiv på verda og oss sjølve. Faget skal bidra til å utvikle forståinga elevane har av at oppfatninga deira av verda er kulturavhengig. Dette kan opne for fleire måtar å tolke verda på, bidra til å skape nysgjerrigheit og engasjement, og medverke til å førebyggje fordommar. Elevane skal få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs i skulen og i samfunnet. Læreplanen i engelsk og læreplanen i engelsk for elevar med teiknspråk er likeverdige.