Engelsk (ENG01‑04)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I engelsk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle evna elevane har til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk. Dette legg grunnlag for å kunne gi uttrykk for eigne kjensler, tankar, erfaringar og meiningar. Opplæringa kan gi nye perspektiv på ulike tenkesett og kommunikasjonsmønster, og på eigen og andre sin levemåte og livssituasjon. Å handtere situasjonar som krev språk- og kulturkompetanse kan gi elevane meistringskjensle og bidra til at dei utviklar eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet.
Demokrati og medborgarskap
I engelsk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å utvikle forståinga elevane har for at oppfatninga deira av verda er kulturavhengig. Ved å lære engelsk kan elevane møte ulike samfunn og kulturar gjennom å kommunisere med andre over heile verda, uavhengig av språkleg og kulturell bakgrunn. Dette kan bidra til å opne for fleire måtar å tolke verda på og vere med på å skape nysgjerrigheit og engasjement, og medverke til å førebyggje fordommar.