Vg2 kjøretøy (KJT02‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 køyretøy handlar om feilsøking, reparasjon og vedlikehald av ulike typar køyretøy. Programfaga skal bidra til å utvikle elevane sin kompetanse i arbeid på mekaniske, elektriske, elektroniske, pneumatiske og hydrauliske komponentar og system på køyretøy. Det omfattar også å medverke til at køyretøy, motorar, komponentar og delar beheld kvaliteten sin over tid, for å vareta dei avgrensa ressursane i samfunnet. Programfaga skal bidra til å utvikle elevane sin kompetanse i reparasjon av køyretøy og motorar og val og innkjøp av delar og utstyr. Elevane skal også utvikle kompetanse i rettleiing av kundar om reservedelar og utstyr til køyretøy og motorar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 køyretøy skal bidra til å utvikle elevane sine sosiale og faglege ferdigheiter, den faglege innsikta deira og evna deira til refleksjon og kritisk vurdering gjennom teoretiske og praktiske arbeidsoppgåver. Programfaga skal bidra til å utvikle elevane til å bli undersøkjande og systematiske i møte med praktiske og teknologiske utfordringar knytte til feilsøking av og vedlikehald på ulike typar køyretøy.