Vg2 kjøretøy (KJT02‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 køyretøy inneber å forstå uttrykksmåtar, fremje eigne synspunkt og drøfte problemstillingar i ulike situasjonar og samanhengar. Det inneber også å bruke fagspråk og diskutere faglege løysingar i ulike situasjonar og samanhengar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 køyretøy inneber å planleggje og dokumentere utført arbeid. Det inneber vidare å utforme faglege tekstar med bruk av fagspråk tilpassa mottakar og formål. Det inneber også å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar og bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 køyretøy inneber å forstå og tolke lovverk, arbeidsbeskrivingar, prosedyrar, handbøker og forskrifter. Vidare inneber det å bruke datablad og faglitteratur for å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar og å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 køyretøy inneber å rekne ut og rekne om krefter, elektriske storleikar og tiltrekkingsmoment. Det inneber vidare å kunne utarbeide kostnadsanalysar og berekningar og å hente ut, beskrive, tolke og vurdere informasjonen frå talmateriale og berekningar. Det inneber også å bruke og omarbeide informasjon for å forstå og vise samanhengar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 køyretøy inneber å kunne bruke digitale ressursar til å søkje etter og innhente informasjon og å kommunisere, dokumentere og presentere eige arbeid. Det inneber også å bruke måleverktøy og diagnoseutstyr. Digitale ferdigheiter omfattar også evna til å vise digital dømmekraft, vere kjeldekritisk og reflektere over innhenta informasjon.