Vg2 kjøretøy (KJT02‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Verkstadarbeid: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Dokumentasjon og kvalitet: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Verkstadarbeid og dokumentasjon og kvalitet: Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Verkstadarbeid: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Dokumentasjon og kvalitet: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Verkstadarbeid og dokumentasjon og kvalitet: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.