Vg2 kjøretøy (KJT02‑03)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg2 køyretøy handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om kompetanse i handtering av kjemikaliar, oljer og væsker og gjenbruk av komponentar og delar. Det handlar også om å ta etiske og miljøbevisste val og å reflektere over at vala har noko å seie for samfunnet rundt. Det handlar vidare om å reflektere over og erfare at reparasjon av køyretøy og motor og val av delar påverkar miljøet.