Vg1 naturbruk (NAB01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter naturbasert produksjon og tenesteyting

  • stelle planter basert på kunnskapar om biologien til artane og kretsløpa i naturen
  • stelle dyr eller fisk med respekt for etiske retningslinjer og kunnskapar om dyrevelferd, dyrehelse og biologien til artane
  • utføre arbeidsoppgåver i ulike delar av verdikjeda basert på gjeldande reglar og standardar
  • klassifisere og presentere eit utval av artar og materiale og velje materiale ut frå arbeidsoppdrag og eigenskapane til materiala
  • følgje bruksrettleiing og bruke manual for utstyr som blir nytta i produksjonen, og gjere enkelt ettersyn, vedlikehald og enkle reparasjonar
  • prøve ut driftsmetodar og vurdere dei opp mot tradisjon, etikk, kvalitetskrav og miljøkonsekvensar
  • gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit og vurdere risiko
  • velje og bruke analoge og digitale verktøy til planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • gjere enkle berekningar av råvare- og materialforbruk, innsatsfaktorar og utbytte
  • samle, tolke og bruke data tilknytt arbeidsoppgåver i naturbruk og tolke kjelder og observasjonar kritisk
  • utføre enkel behandling av råstoff
  • gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering