Vg1 naturbruk (NAB01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg1 naturbruk handlar om å drive næring basert på naturressursar. Programfaga dreier seg om tradisjonelle og nye driftsformer innanfor norske og samiske næringar, inkludert reindrift, og skal leggje grunnlag for sikker matproduksjon og for aktivitet og opplevingar med dyr og natur. Programfaga skal utvikle elevane si forståing av samspelet mellom natur, samfunn og økonomi. Dei skal òg utvikle elevane si forståing av kva det inneber å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein berekraftig måte. Vg1 naturbruk handlar vidare om korleis ein nyttiggjer seg naturressursar som ein verdi i notid og framtid for arbeids- og samfunnslivet.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg1 naturbruk skal bidra til å skape forståing for at mennesket er ein del av naturen og har ansvar for å forvalte han i eit langsiktig og berekraftig perspektiv. Gjennom kritisk tenking, medverknad og praktiske arbeidsoppgåver skal elevane få auga opp for moglegheiter og utfordringar innan naturbruk. I vg1 naturbruk skal elevane utforske, skape og bidra til engasjement og forståing for betydninga naturbruken har for kultur og identitet. Vg1 naturbruk skal bidra til å gi kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.