Vg1 naturbruk (NAB01‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg1 naturbruk inneber å kunne forklare, grunngi synspunkt og kommunisere forståeleg med kollegaer. Det inneber òg å kunne lytte til, presentere saker for og instruere ulike målgrupper. Munnlege ferdigheiter handlar dessutan om å kunne bruke fagspråk og samtale om og drøfte produksjonar og løysingar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg1 naturbruk inneber å kunne tilpasse tekstar til ulike formål, sjangrar, mottakarar og medium. Det inneber å kunne beskrive produkt og tenester for kollegaer, brukarar og kundar ved hjelp av fagspråk. Det vil òg seie å kunne dokumentere kva ein gjer, og kva ein har lært.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg1 naturbruk inneber å kunne tileigne seg informasjon i trykte og digitale ressursar og bruke dette i praktisk arbeid, tenesteyting eller produksjonsprosessar. Å kunne lese vil òg seie å kunne bruk fagspråk og utøve kjeldekritikk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg1 naturbruk inneber å kunne velje framgangsmåtar, stille inn verktøy og apparat, berekne innsatsfaktorar og utbytte av prosessar. Det inneber òg å kunne finne, måle og vurdere økonomiske, biologiske, fysiske og kjemiske parametrar. Vidare vil det seie å kunne setje opp og tolke tabellar og diagram. Å kunne gjere overslag og bruke talmateriale i fagleg argumentasjon høyrer òg med.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg1 naturbruk inneber å kunne bruke digitale ressursar og hjelpemiddel i ein produksjon eller aktivitet. Det inneber òg å kunne samle data, vere kritisk til kjelder og bruke analoge og digitale verktøy i diskusjonar og informasjonsutveksling. Vidare inneber det å kunne bruke digitale ressursar i navigasjon, styring av driftsprosessar og dokumentasjon.