Vg1 naturbruk (NAB01‑03)
Kjerneelement
Berekraftig bruk av natur
Kjerneelementet berekraftig bruk av natur handlar om å nyttiggjere seg naturressursar som grunnlag for matproduksjon og næringsverksemd. Berekraftig bruk av natur omfattar naturtypar, artar og kretsløp og samanhengar i naturen. Kjerneelementet inneber vidare det å handle på grunnlag av kunnskap om biologien til dyr og planter og om tolegrensene til naturen. Det dreier seg vidare om korleis ein kan ta vare på dyrevelferd, dyre- og folkehelse, matsikkerheit og miljø under ulike driftsformer.
Yrkesutøving
Kjerneelementet yrkesutøving handlar om grunnleggjande arbeidsoppgåver og yrkesfunksjonar i produksjon, drift, tenesteyting, hausting og fangst. Kjerneelementet skal gi elevane erfaring med tradisjonelle og framtidsretta driftsformer og teknologiar. Det handlar òg om ansvar, uthald og handlag i det praktiske arbeidet.
Næringsutvikling
Kjerneelementet næringsutvikling handlar om å sjå moglegheiter for berekraftig verdiskaping og næringsutvikling. Det handlar òg om forståing av samanhengar mellom innsatsfaktorar og sluttresultat og å sjå korleis teknologi bidreg til utvikling i næringane. Næringsutvikling handlar vidare om mangfald i naturbruksnæringane og korleis dei er avhengige av lokale ressursar, lokale marknader og kompetanse i lokalt næringsliv.
Sikkerheit og kvalitet
Kjerneelementet sikkerheit og kvalitet handlar om å vareta helsa og sikkerheita til ein sjølv og andre. Dette omfattar arbeidsmiljø, kvalitet på produkt og tenester, dyrevelferd og miljøomsyn i samband med utføringa av arbeidsoppgåver. Vidare handlar kjerneelementet om risikovurdering, kommunikasjon, samarbeid og krav til dokumentasjon. Det omfattar òg sikkerheitsopplæring etter gjeldande standardar og regelverk i den enkelte produksjonen eller aktiviteten.