Vg1 naturbruk (NAB01‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Naturbasert produksjon og tenesteyting: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Naturbasert næringsaktivitet: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Naturbasert produksjon og tenesteyting: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Naturbasert næringsaktivitet: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Eksamen for privatistar
Naturbasert produksjon og tenesteyting: Privatisen skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Naturbasert næringsaktivitet: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Produksjon og tenesteyting og naturbasert næringsaktivitet: Privatisten skal opp til éin tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.