Vg1 naturbruk (NAB01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter naturbasert næringsaktivitet

  • reflektere over kva for krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar i samband med samhandling og deltaking i samfunnsdebatten om natur, ressursbruk og forvaltning
  • planleggje, gjennomføre og vurdere naturbaserte næringsaktivitetar og beskrive ei tilhøyrande verdikjede
  • utforske døme på lokal produkt- og næringsutvikling basert på teknologisk utvikling, lokale ressursar, kultur og tradisjon
  • presentere næringsaktivitetar, produkt eller tenester for ulike målgrupper
  • drøfte korleis naturbaserte produkt og tenester kan utviklast innanfor ramma av berekraftig utvikling og ressursforvaltning
  • beskrive og vurdere likskapar og forskjellar i yrkesutøvinga i ulike typar naturbruk
  • orientere seg i naturen ved hjelp av tradisjonelle og moderne metodar og hjelpemiddel
  • velje og bruke utstyr og påkledning etter situasjon, naturforhold og klima og utføre enkelt vedlikehald på utstyret
  • vurdere risiko og utføre naturbaserte aktivitetar med omsyn til eiga og andres sikkerheit
  • utføre grunnleggjande førstehjelp

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering