Snikkarfaget med fordjupingsområde – modulstrukturert opplæring for vaksne (SNE05‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter planleggjing

  • planleggje å produsere produkt, arbeide etter teikningar, beskrivingar, preaksepterte løysingar og toleransekrav og vurdere arbeidet med tanke på arbeidsoppdraget, kostnadseffektivitet og verknader for miljøet
  • utarbeide produksjonsplanar, ta imot, handtere og lagre råvarer og materialar og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • kjeldesortere, handtere avfall etter gjeldande regelverk, vurdere om gjenbruk er mogleg, og reflektere over konsekvensar av feilhandtering
  • vurdere ulike faktorar som kan redusere varmeutvikling og brannsmitte
  • identifisere ulike typer teknikker og stilarter og gjøre rede for hvordan tradisjonelle arbeidsmetoder tar vare på fagets egenart og kulturarv (Henta frå læreplan i vg2 Treteknikk)
  • utforske og bruke eigenskapane ved geometriske figurar, målestokk og trigonometri til å berekne lengder, vinklar og areal i problemløysing innanfor bygg- og anleggsfag (Henta frå læreplan i matematikk P)
  • undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
  • gjere greie for argumentasjonen til andre og bruke og følgje opp innspel frå andre i samtalar og diskusjonar om yrkesrelevante emne (Henta frå læreplan i engelsk)

Undervegsvurdering