Snikkarfaget med fordjupingsområde – modulstrukturert opplæring for vaksne (SNE05‑01)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg3 snikkarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å reflektere rundt materialval og energieffektive løysingar og ut frå miljøomsyn. Vidare handlar det om berekraft gjennom avfallshandtering og gjenbruk. Det handlar òg om å utvikle medvit om dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane knytte til berekraftig utvikling gjennom ei kritisk vurdering av produkt, materialar og konstruksjonar.