Snikkarfaget med fordjupingsområde – modulstrukturert opplæring for vaksne (SNE05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter fordjuping i trapp
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- byggje trapp i samsvar med gjeldande regelverk og drøfte korleis avvik i bygningskonstruksjonen kan påverke sluttproduktet
- velje og bruke ulike måleverktøy, måle trappeopningar og vurdere korleis lengd, breidd, høgd og vinklar påverkar trappekonstruksjonar
- teikne og konstruere trapp digitalt og vurdere kva faktorar som optimaliserer funksjonen, påverkar designet og hindrar ulukker
- velje materialar, festemiddel og samanføyingsmetodar og drøfte faktorar som sikrar styrken og funksjonen til konstruksjonen
- velje og bruke råvarer til trapper og vurdere kva faktorar som påverkar eigenskapane, levetida, styrken, sikkerheita og det estetiske uttrykket til sluttproduktet
- montere og ferdigstille trapper i samsvar med spesifikasjon og drøfte faktorar som påverkar konstruksjon og styrken i trappa
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen fordjuping i trapp når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen fordjuping i trapp. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i trapp. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.