Snikkarfaget med fordjupingsområde – modulstrukturert opplæring for vaksne (SNE05‑01)
Kjerneelement
Produksjon av trevarer
Kjerneelementet produksjon av trevarer handlar om å ta imot, kontrollere og bruke råvarer til å produsere og ferdigstille vindauge, dører, trapper og innreiingar. Dette kjerneelementet handlar om å utnytte eigenskapane råvarene har, bruke dei på best mogleg vis og sikre at sluttprodukta blir haldbare og estetisk utforma. Å risikovurdere arbeidsprosessane og drifte og halde ved like utstyr er òg ein del av dette kjerneelementet.
Kvalitetssikring av produkt og arbeidsprosessar
Kjerneelementet kvalitetssikring av produkt og arbeidsprosessar handlar om å planleggje, gjennomføre og vurdere arbeidsoppdrag med tanke på kostnadseffektivitet og miljøbelastning. Vidare handlar det om å konstruere produkt, følgje toleransekrav, vurdere kvaliteten på produkta og sikre produkta ved transport. Å utnytte ressursar, handtere avfall og gjenvinne produkt er òg ein del av dette kjerneelementet.
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og hindre situasjonar som er ein fare for liv og helse når ein framstiller treprodukt. Dette kjerneelementet handlar òg om å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre sikker jobb-analyse. Vidare handlar kjerneelementet om å bruke utstyr og maskiner og arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Det handlar òg om å identifisere og forhindre situasjonar som utgjer ein fare for liv og helse. Å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som medverkar til å verne det indre og ytre miljøet, er òg ein del av dette kjerneelementet.