Snikkarfaget med fordjupingsområde – modulstrukturert opplæring for vaksne (SNE05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit og arbeidsmiljø
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- risikovurdere produksjonsprosessen, gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og settje i verk tiltak
- bruke fagterminologi i kommunikasjon med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte løysingar som medverkar til å minimere miljøavtrykk og sikre effektiv ressursutnytting
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensar av støy, støveksponering og bruk av kjemikaliar
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har og reflektere over krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
- utføre grunnleggjande førstehjelp
- vurdere risiko og følgje rutinar for å stroppe, anhuke og gi signal ved lasting og lossing (Henta frå læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen helse, miljø og sikkerheit og arbeidsmiljø når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen helse, miljø og sikkerheit og arbeidsmiljø. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i helse, miljø, sikkerheit og arbeidsmiljø . Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.