Vg2 sal og reiseliv (SRL02‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 sal og reiseliv inneber å kunne kommunisere med kollegaer, kundar og gjester frå ulike kulturar og i ulike livssituasjonar. Dette inneber å tilpasse kommunikasjonen til mottakaren, innhaldet og formålet og å lytte til og vise respekt for den som snakkar. Vidare inneber det å kunne bruke relevante faguttrykk og sikre at informasjonen ikkje berre blir gitt, men òg forstått av mottakaren.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 sal og reiseliv inneber å kunne kommunisere skriftleg og profesjonelt med ulike mottakarar. Dette inneber å tilpasse tekstar til ulike formål, sjangrar og medium for å nå fram med ein bodskap til kundar, gjester og andre mottakarar. Det inneber òg å utveksle informasjon og vere kjeldekritisk.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 sal og reiseliv inneber å kunne forstå, tolke og vurdere informasjon frå ulike kjelder og marknader og frå relevant lovverk. Det inneber vidare å kunne bruke innhald frå faglege tekstar i kommunikasjonen og samhandlinga med kollegaer, kundar og gjester. I tillegg inneber det å vere kjeldekritisk i vurderinga av økonomiske, marknadsmessige og berekraftige forhold i sals- og reiselivsnæringa.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 sal og reiseliv inneber å kunne hente inn, omarbeide, analysere og vurdere talmateriale og presentere desse i relevante oppsett. Dette inneber å kunne utføre enkle valutaoverslag, priskalkulasjonar og økonomiske berekningar. Vidare inneber det å kunne lese rekneskapar og bruke budsjett og nøkkeltal for ei bedrift.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 sal og reiseliv inneber å kunne hente inn, omarbeide, formidle og presentere informasjon gjennom bruk av digitale verktøy. Vidare inneber det å kunne bruke samhandlingsverktøy og ulike plattformer for å løyse oppgåver og samarbeide digitalt. Det inneber òg å kunne følgje reglar og normer for nettbasert kommunikasjon, vere kjeldekritisk og vurdere etiske spørsmål som gjeld personvern og opphavsrett.