Vg2 sal og reiseliv (SRL02‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 sal og reiseliv handlar det tverrfaglege temaet folkehelse om livsmeistring om å byggje profesjonelle relasjonar i kommunikasjon og samhandling med ulike menneske. I dette ligg det å kunne handsame reaksjonar, setje grenser og respektere andre sine grenser i ulike relasjonar og arbeidssituasjonar. Vidare handlar det om å utvikle kunnskap og respekt for ulike grupper, fellesskap og kulturar i servicearbeidet. Folkehelse og livsmeistring handlar òg om kva nettverk har å seie, og om korleis nettverk kan brukast som støtte for fagleg og profesjonell utvikling. I tillegg handlar folkehelse og livsmeistring om å sikre god fysisk og psykisk helse i løpet av arbeidsdagen gjennom kunnskap om helse, miljø og sikkerheit.
Berekraftig utvikling
I vg2 sal og reiseliv handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å ta ansvarlege, etiske og miljøbevisste val i formidling og utvikling av varer og tenester. Vidare handlar det om å kunne gjere greie for avgjerdene som er tekne gjennom heile verdikjeda, og vurdere desse i lys av ei berekraftig utvikling. Dette handlar òg om å reflektere over korleis sals- og reiselivsnæringa opererer globalt, og korleis forhold som klima og etikk kan stå i kontrast til etterspurnad og økonomi.