Matematikk FOV (MAT10‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 2
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- vidareutvikle, bruke og samtale om ulike reknestrategiar for multiplikasjon, inkludert arealmetoden og den kommutative lova, og bruke den vesle multiplikasjonstabellen
- utforske samanhengen mellom divisjon og multiplikasjon, og bruke divisjon i praktiske situasjonar
- lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og forklare tenkjemåtane sine
- vidareutvikle og bruke metodar for hovudrekning og overslagsrekning
- utforske negative tal i samband med temperaturmåling og privatøkonomi, og plassere negative tal på tallinja
- beskrive og illustrere enkle brøkar som del av det heile, som del av ei mengd og som tal på tallinja, namngi brøkane og bruke dei i praktiske samanhengar
- utforske, beskrive og bruke plassverdisystemet for naturlege tal og desimaltal, og namngi og plassere desimaltala på tallinja
- utforske strategiar for addisjon og subtraksjon med desimaltal og bruke dette i praktiske samanhengar
- løyse problemstillingar frå eigen kvardag som har med prosent å gjere, og forklare prosentomgrepet med støtte
- utforske og forklare med støtte samanhengar mellom brøk, desimaltal og prosent, og bruke det i hovudrekning
- finne relevant informasjon i enkle tekstar eller praktiske samanhengar, velje rekneart, gjere berekningar og overslag, vurdere resultatet og presentere og samtale med støtte om løysinga
- bruke referansesystemet og notasjonen for formlar i eit rekneark, og bruke rekneark til å utføre og presentere enkle berekningar
- gjere berekningar knytte til kjøp, sal, eigen økonomi og budsjett, inkludert ved å bruke rekneark
- lese og samtale med støtte om statistiske framstillingar som er relevante for eigen kvardag
- samtale om koordinatsystem i planet og plassere og lese av koordinatane til punkt
- samle, sortere og presentere data i tabellar og diagram og rekne ut gjennomsnitt i enkle datasett
- utforske mangekantar, anslå og måle storleiken på vinklar og beskrive eigenskapar ved mangekantar ved å bruke omgrepa vinklar, kantar og hjørne
- utforske arealomgrepet, måle lengd og berekne areal og omkrins av rektangel og trekantar, inkludert i praktiske situasjonar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i matematikk modul 2 når dei bruker formålstenlege reknestrategiar og representasjonar i arbeidet med tal, geometri og statistikk. Dei viser og utviklar kompetanse òg når dei får bruke kunnskap og ferdigheiter til å løyse problem og utforske matematiske samanhengar. Vidare viser og utviklar deltakarane kompetanse i matematikk når dei undrar seg, stiller spørsmål, bruker matematiske omgrep og forklarer eigne løysingar. Deltakarane viser og utviklar kompetanse òg når dei bruker formålstenlege læringsstrategiar, eigne erfaringar og eiga fleirspråklegheit som ressursar i læringsarbeidet.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte vurderingsformer. Eigenvurdering bør, så langt det er mogleg, inngå i arbeidet med undervegsvurdering i matematikk. Deltakarane bør få moglegheit til å lære seg nokre ulike uttrykksmåtar, ord og omgrep i arbeidet med eigenvurderinga. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i matematikk. Deltakarane skal få moglegheit til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane sine, erfaringar og språklege ressursar til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.