Matematikk FOV (MAT10‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i matematikk inneber å skape meining gjennom å samtale i og om matematikk. Det vil seie å kommunisere idear og utforske matematiske problem, strategiar og løysingar i opplæringa og i situasjonar i kvardagslivet og arbeidslivet. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i matematikk går frå å bruke eige kvardagsspråk til gradvis å bruke eit meir presist matematisk språk. Dette inneber mellom anna å samanlikne matematikkfaglege omgrep og metodar på ulike språk.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i matematikk inneber å beskrive og forklare samanhengar, oppdagingar og idear ved hjelp av formålstenlege representasjonar. Å kunne skrive i matematikk er ein reiskap for å utvikle eigne tankar og eiga læring. Det inneber å skrive for å løyse problem og å formidle løysingar tilpassa mottakaren og situasjonen. Utviklinga av skriveferdigheiter i matematikk går frå å bruke eige kvardagsspråk til gradvis å bruke eit meir presist matematisk språk. Dette inneber mellom anna å samanlikne matematisk notasjon på tvers av språk.
Å kunne lese
Å kunne lese i matematikk inneber å skape meining i matematikkfaglege tekstar i opplæringa og i kvardagsliv, arbeidsliv og samfunnsliv. Å kunne lese i matematikk vil seie å sortere informasjon, analysere og vurdere form og innhald og samanfatte informasjon i samansette tekstar. Utviklinga av leseferdigheiter i matematikk handlar om å avkode tekst, finne og bruke informasjon frå stadig meir komplekse tekstar med figurar, tabellar, symbolspråk og matematiske omgrep. Arbeid med vokabular på tvers av språk bidreg til å utvikle leseferdigheit i faget.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i matematikk vil seie å bruke talsymbol og matematiske omgrep og framgangsmåtar til å gjere utrekningar og vurdere om løysingar er gyldige. Det inneber å identifisere problem frå kvardagsliv, arbeidsliv og samfunnsliv som kan løysast ved rekning, og formulere spørsmål om desse. Vidare inneber det å bruke ulike hjelpemiddel i berekningar, modellering og kommunikasjon. Matematikkfaget har eit særleg ansvar for opplæringa i det å kunne rekne. Utviklinga av rekneferdigheiter i matematikk handlar om å analysere og løyse eit spekter av stadig meir komplekse problem med effektive og formålstenlege omgrep, symbol, metodar og strategiar. Her kan deltakarane bruke eigne erfaringar med algoritmar frå ulike tradisjonar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i matematikk inneber å kunne bruke digitale ressursar til å utforske, løyse og presentere løysingar på matematiske problem, både i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv, no og i eit livslangt perspektiv. Vidare inneber det å finne, analysere og behandle informasjon ved hjelp av digitale ressursar. Det handlar òg om å kjenne styrkar og svakheiter ved dei ulike digitale ressursane. Utviklinga av digitale ferdigheiter inneber at deltakarane i aukande grad skal kunne bruke og velje formålstenlege digitale ressursar som hjelpemiddel i arbeid med matematikk.