Matematikk FOV (MAT10‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I matematikk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring mellom anna om at deltakarane skal kunne handtere personleg økonomi og bruke matematikk som grunnlag for ansvarlege livsval. Kompetanse i tolking og vurdering av statistikk og matematiske modellar er sentralt. Faget skal òg bidra til folkehelse og livsmeistring gjennom å utvikle kompetansen til deltakarane i bruk av digitale hjelpemiddel og forståinga deira av teknologi.
Demokrati og medborgarskap
I matematikk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å kunne formulere eigne argument og delta i samfunnsdebatten. Det inneber å utforske, analysere og forhalde seg kritisk til framstillingar av reelle datasett frå naturen, samfunnet, arbeidslivet og kvardagslivet. Faget skal bidra til forståing for føresetnader og premissar for matematiske modellar som ligg til grunn for avgjerder i deltakarane sine eigne liv og i samfunnet.
Berekraftig utvikling
I matematikk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling mellom anna om å kunne hente inn og behandle måledata, forstå og lage matematiske modellar og tolke statistikk om utfordringar knytte til natur, miljø og samfunnsøkonomi. Matematiske ferdigheiter og kunnskapar kan òg bidra til at deltakarane gjer miljøbevisste og berekraftige val i kvardagen.