Matematikk FOV (MAT10‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Matematikk er eit sentralt reiskapsfag i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv. Matematisk kompetanse er òg viktig for å kunne forstå og delta i demokratiet og påverke prosessar i samfunnet og naturen. For kvar enkelt er kompetanse i matematikk viktig for å meistre eige liv, handtere eigen økonomi, ta vidare utdanning og delta i yrkeslivet. Matematikk skal bidra til utvikling av eit presist språk for resonnering, kritisk tenking og kommunikasjon.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kritisk tenking i matematikk omfattar kritisk vurdering av resonnement og argument og skal setje deltakarane i stand til å gjere eigne val og ta stilling til viktige spørsmål i eige liv og i samfunnet. Tid til refleksjon og matematisk resonnering legg til rette for kreativitet og nytenking. Det universelle språket til matematikken har potensial til å skape forståing på tvers av kulturar, språk og erfaringsbakgrunnar. Matematikkfaget skal leggje til rette for at kompetansen til deltakarane og fleirspråklege ressursar blir anerkjende og brukte aktivt i opplæring og vurdering. Samarbeid med andre gjennom utforsking og problemløysing kan bidra til forståing for eiga læring. Moglegheit til å løyse problem og meistre utfordringar på eiga hand bidreg til å utvikle uthald og sjølvstende.