Matematikk FOV (MAT10‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter modul 1

  • bruke tal og teljestrategiar og knyte saman talmengder, talord og talsymbol
  • utforske og bruke plassverdisystemet for dei naturlege tala
  • utforske samanhengen mellom addisjon og subtraksjon og bruke dette i hovudrekning og problemløysing
  • utforske og beskrive eigenskapar ved partal og oddetal
  • plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing
  • beskrive likskap og ulikskap i samanlikning av storleikar, mengder, tal og taluttrykk ved bruk av symbola =, > og <
  • samtale med støtte om erfaringar med hovudrekningsstrategiar for addisjon og subtraksjon av naturlege tal, vidareutvikle desse strategiane og vurdere kor rimelege svara er
  • doble og halvere, og utforske samanhengen mellom gjenteken addisjon og multiplikasjon, inkludert ved hjelp av konkretisering
  • finne informasjon i enkle tekstar og praktiske samanhengar, løyse problem og vurdere resultat
  • kjenne til, rekne med og gjere overslag med norske pengar, og bruke dette i relevante problemstillingar frå eigen kvardag
  • lese av enkle tabellar frå dagleglivet
  • beskrive tid ved hjelp av klokke og kalender
  • anslå og måle lengd, masse og volum i litersystemet og vurdere resultata
  • bruke enkeltord, symbol og enkle setningar til å skrive og svare på enkle matematiske spørsmål

Undervegsvurdering