Matematikk FOV (MAT10‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Etter modul 4S/4Y:
Deltakaren skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for deltakarar
Etter modul 4S/4Y:
Deltakaren kan trekkjast ut til skriftleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Deltakaren kan òg trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen med førebuingsdel. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Etter modul 4S/4Y:
Privatisten skal opp til skriftleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. I tillegg skal privatisten opp til munnleg-praktisk eksamen. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Kommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Modulvurdering
Etter modul 1:
Deltakaren skal ha éi vurdering. Karakterskalaen som skal brukast, er den tredelte skalaen låg måloppnåing, middels måloppnåing, høg måloppnåing.
Etter modul 2:
Deltakaren skal ha éi vurdering. Karakterskalaen som skal brukast, er den tredelte skalaen låg måloppnåing, middels måloppnåing, høg måloppnåing.
Etter modul 3:
Deltakaren skal ha éi vurdering.